top of page
alle_hallingbunader.jpg

Om oss

Ødegård Bunadshandel har sitt opphav frå butikken «Ola Perstølen», etablert i 1917. Ola Perstølen vart fødd i 1877 og som far sin, Per, var han skreddar av yrket. Begge var dyktige i faget og sydde flotte bunader. Sonen til Ola, som sjølvsagt vart kalla Per, var også utdanna skreddar. Per praktiserte ikkje faget noko særleg. I staden satsa han som næringsdrivande, med sal av klede og stoff. Butikken "Ola Perstølen" hadde framleis skreddarverksemd og vart seinare utvida med bokhandel.

I 1985 kjøpte Leif Kåre Ødegård klesbutikken av Ola Perstølen. Fram til 1994 var namnet på firmaet «Perstølen eftf.» før det endra namn til Ødegård AS. Butikken starta då med produksjon av hallingbunad ved siden av sal av herreklede. Etter kvart som åra har gått har utvalet av bunader frå andre distrikt auka, og no tilbyr me bunader frå heile Norge.

 

I 2015 valgte me å avvikle sal av herreklede til fordel for ei større satsing på bunadsdelen av virksomheten. Dette førte også med seg ei auka satsing på damebunad.

 

I 2022 valgte Leif Kåre å pensjonere seg. Sonen Vegard overtok drifta og butikken endra namn til «Ødegård Bunadshandel». Sjølv om han har pensjonert seg spelar Leif Kåre fortsatt ei viktig rolle som støttespelar og rådgjevar i bedrifta.

 

Butikken har altså vore i drift i over 100 år med bunad som hovedvirksomhet dei siste 40 åra. Velkommen innom på ein hyggeleg handel!

20230318_132357.jpg

Vegard Ødegård

Dagleg leiar

20230318_132319.jpg

Ben Harvey
Salgssjef

bottom of page