Ynskjer du deg bunad?

Slik er gangen i måltaking, bestilling og prøving:

  • Ta kontakt på tlf 3208 2082 så avtalar me tidspunkt for visning og måltaking.
  • Ved stor avstand kan me målta kunden via videochat. Då må kunden ha med seg ein hjelper som kan ta måla.
  • Ved måltaking går me gjennom kunden sitt behov, samt pris på bunad og bunadsutstyr. 
  • Kunden betalar eit forskudd på kr 6000. Dette kan enten betalast kontant, med BankAxept eller det kan fakturerast.
  • Produksjonstida er 6-8 veker på mannsbunad og 12-14 veker på damebunad. Når bunaden er ferdig tek vi kontakt med deg for å avtale prøving.
  • Alle bunader blir prøvd og levert ut frå butikken på Ål.
  • Ved prøving er det 97% sjans for at bunaden er perfekt.
  • Kunden vel så ut ynskjeleg bunadsutstyr.
  • Bunaden må betalast ved overtaking eller over bank før prøving. Me godtek BankAxept (vanleg minibankkort). Ved bruk at kredittkort eller Vipps blir det eit gebyr til kortselskapet på 3% av kjøpesummen.

 
 
Bilete frå systova.

Kvar enkelt bunad er unik og blir sydd etter mål i samsvar med dei tradisjonar og krav som blir stilt til bunader i Noreg.
Det betyr at kvar einaste bunad er eit unikt og personleg festplagg, nøyaktig tilpassa akkurat deg.