Om oss

Starten på Ødegård AS var butikken "Ola Persølen", etablert i 1917. Ola Perstølen vart fødd 26.11.1877 og som fra sin, Per, var han skreddar av yrket. Begge var dyktige i faget og sydde flotte bunader. Sonen til Ola, som sjølvsagt vart kalla Per, var også utdanna skreddar. Per praktiserte ikkje faget noko særleg. I staden satsa han som næringsdrivande, med sal av klede og stoff. Butikken "Ola Persølen" hadde framleis skreddarverksemd og vart seinare utvida til bokhandel i tillegg.  

Leif Kåre Ødegård kjøpte klesbutikken av Ola Perstølen d.y. 1.7.1985. Fram til 1.1.1994 var namnet på firmaet Perstølen eftf., men det endra då namn til Ødegård AS. Butikken har altså vore i drift i over 100 år. Ødegård AS starta med produksjon av hallingbunad i 1985. I 1988 kom Numedalsbunad og Gudbrandsdalsbunad også med.

Frå 1994 har Ødegård AS deltatt aktivt i utviklinga av bunad saman med Solhjell AS i Molde. Me kan i dag tilby bunader frå totalt 37 distrikt. Dei siste åra har me også fått laga mykje sølv og anna bunadsutstyr til bunadene våre. Me kan nemne sølvknappar, halsnåler, selar, hattar, klokkeband og pose til oppbevaring.