Vestfold modell 1956

Vestfold 1956-modellen vart presentert i 1956 og er ei revidert utgåve av 1932-modellen. Ein kan velje mellom raud eller grøn vest. Det som skil bunadene er at 1956-modellen har forkle og silkelue. Ein kan velje mellom to ulike materiale til forkleet: Vevd forkle med striper i ull som er frå Stokke eller brodert kvitt forkle i bomull som er frå Haugberg i Andebu. Cape utan broderi er ytterplagg.

Kjole/stakk
Kjolen/stakken er laga i svart, kanvasvevd ullstoff. Vesten er i grønt eller raudt ullklede. Den har ullband rundt ermehol og rundt halsopning. Nedst på skjørtet er det ei raud, tvinna ullsnor og ein innfelt grøn eller raud kant. Ei bandbredde opp er det sydd på eit ullband med gult og raudt mønster.

Forkle
Det er to ulike forkle å velje mellom. Kvitt forkle i 100% bomull med handbroderi langs kanten nede eller maskinvevd, blått ullforkle med striper.

Belte
Gult ullband med raudt mønster, det same bandet som er sydd fast nede på stakken. Ei sølvspenne blir brukt som beltelås.

Veske
Veska er einsfarga svart, i same materialet som stakken. Den er kanta med ei grøn eller raud bise i same farge som vesten.

Lue
Lua er i svart silkebrokade kanta med raudt silkeband og kvite blonder. Lua blir knytt med svart silkeband.

Skjorte
Kvit skjorte i lin med brodering på krage, mansjettar og langs kantane på opninga i front. Om ønskeleg kan ein velje kvit skjorte utan broderi i 100% bomull med nuperellar.

Cape
Capen har liggande krage og er laga i same materiale som stakken. Den er fôra med raud eller grøn ullkanvas, ettersom kva farge ein har valt på vesten. Om ønskeleg kan ein velje å snu capen slik at den farga sida kjem ut.

Anna
Til denne bunaden bruker ein kvite strømper og svarte bunadsko.