Vestfold modell 1932

Bunaden vart ferdig og presentert for første gong i 1932 av Ragnar Nordby. Han reiste rundt i Vestfold å samla inn informasjon frå eldre menneske for å lage bunaden. Bunaden er kopiert etter gamle draktdelar funne rundt om i Vestfold fylke. Motivet til veske og lue er frå eit kistelokk frå Stokke. Bunaden finst i svart eller blått ullklede.

Kjole/stakk
Kjolen/stakken har same farge på vest og stakk og er laga i klede av ull. Vesten har ullband rundt ermehol og rundt halsopning. Vesten er fôra med baskerduk. Nedst på skjørtet er det ei raud tvinna ullsnor og ein innfelt grøn kant. Ei bandbreidde opp er det sydd på eit ullband med gult og raudt mønster.

Belte
Som belte blir det brukt gult ullband med raudt mønster. Dette er det same bandet som er sydd fast nede på skjørtet. Ei sølvspenne blir festa som lås.

Veske
Veska er pynta med rosemålingsmønster og laga i same materiale som stakken. Rundt kanten av veska er det sydd fast ei bise.

Lue
Baksida av lua har same broderinga som på veska, medan kantane har same broderinga som på capet. Den er laga i same ullstoff som stakken og har kanting av same materialet rundt lua.

Skjorte
Kvit skjorte i lin med brodering på krage, mansjettar og langs bringelist. Om ønskeleg kan ein velje kvit skjorte utan broderi i 100% bomull med nuperellar.

Cape
Capen har ståkrage og er laga i same ullklede som stakken. Den er fôra med bomullsstoff i same farge. Oppe på skuldra er det broderi likt det som er rundt kanten på lua.

Anna
Til denne bunaden bruker ein kvite strømper og svarte bunadsko.