Troms

Bunaden vart presentert for første gong på Troms Ungdomsfylkesstevne i Senjahopen i 1973. I samarbeid med BUL Tromsø vart arbeidet med å samle inn bakgrunnsmateriale for bunaden starta i 1967. Vesten til bunaden har utgangspunkt i eit kjoleliv frå Gratangen, som er å sjå på Tromsø Museum. Fasongen på stakken er henta frå ein brudekjole frå Sør-Senja.

Kjole/stakk
Bunaden er i ullstoff med ein ruta effekt av vertikale striper og innfelt fløyelsband på tvers nedst. Kjolelivet er i brokade, som er eit blandingsstoff av bomull/viskose. Ein kan velje mellom fargene raudt eller gyllent.

Forkle
Forkleet er i svart, mercerisert bomull med kvite, vertikale striper langs ytterkantane og tilsvarande tverrstriper nedst.

Skjorte
Til bunaden kan ein velje mellom kvit skjorte med broderi eller skjorte utan broderi med nuperellar.

Cape
Cape i svart ulldrape med raudt fôr.

Hovudplagg
Om ein vil, kan ein velje skaut eller lue i svart silkebrokade.

Anna
Det er vanleg å bruke halstørkle i ulike farger, svarte strømper og bunadsko til denne bunaden.