Sunnhordland/Stord

Bunaden vart utarbeidd ved Stord Husflidskule. Den bygger på draktskikken frå andre halvdel av 1800-talet. Den var ferdig i 1952 og vart kalla Jentebunad for Stord, Fitjar og Bømlo. I dag er det berre små detaljar som skil bunadene frå Stord og Bømlo, medan kvinnebunaden frå Fitjar er vidareutvikla. Bunaden frå Stord blir i dag brukt av både koner og jenter. Skilnaden er at jentene har eit brodert belte på ullstoff, medan konene gjerne har sølvbelte.

Vest/stakk
Vesten blir laga i ullstoff. Den finst i fargene raudt, blått og grønt. Vesten er kanta med ullband rundt ermer, langs framkant og hals. Ullbanda blir også brukt som dekorasjon i ryggen. Vesten er festa til skjørtet. Stakken er foldelagt. Den blir laga i svart eller mørkblått ullstoff.

Forkle
Her kan ein velje mellom ulike:

Forkle i vevd ullstoff
Forkleet er i ull og har eit vevd mønster av kvite striper og 8-bladroser. Svart botnfarge til svart skjørt og blå botnfarge til mørkeblått skjørt.

Forkle brodert
Forkle i kvit bomull med brodert innfelling i lin.

Bringeduk
Handbrodert bringeduk som finst i mange ulike motiv. Det er vanleg å velje same motiv på bringeduk og belte.

Belte
Handbrodert belte som finst i mange ulike motiv. Det er vanleg å velje same motiv på bringeduk og belte.

Skjorte
Skjorte i kvit lin med handbrodering på krage, mansjettar og ved frontopning. Om ønskeleg kan ein også velje skjorte med nuperellar, utan brodering.

Cape
Cape laga i same farge og materiale som skjørtet. Den er fôra med raud ull-kanvas.

Jakke
Jakka er laga i same farge og materiale som skjørtet. Den er kanta med raude band rundt framkant, halsopning og nede på ermene

Anna
Til bunaden blir det brukt svarte strømper og bunadsko.