Sør-Trøndelag

Allereie i 1920 byrja arbeidet med å samle inn informasjon om gamle draktplagg rundt om i Trøndelag. Arbeidet vart satt i gang av lærarinnene Ragna Rytter, Kaspara Kyllingstad og Ingeborg Krogstad. Dei fann mange plagg som var sterkt påverka av rokokkostilen i tida rundt 1800, der ein oftast nytta silke og fløyel. Det var viktig for dei 3 kvinnene at bunaden skulle ha lokal forankring, derfor bestemte dei seg for å lage bunaden i ull og lin. Stoffa i bunaden bygjer derfor på tradisjonar i damaskveving frå Trøndelag. Det skulle vere mogeleg å kunne veve eigne stoff til bunaden.

Etterkvart har produksjonen av bunaden vorte standardisert. I dag finst det 3 ulike damaskmønster til bunadslivet, i 12 ulike fargekombinasjonar. Damaskmønstra på bunadslivet blir kalla Enkel rose, Rose med stilk og Rose med bølge.

I stoffkvaliteten Enkel rose med stilk og Enkel rose er det 3 ulike fargekombinasjonar (sjå bilder).