Sogn
Draktskikken i Sogn bygger mest på materiale frå indre strøk, men går under namnet "Sognebunad". Den kom i bruk tidleg på 1900-talet og tek utgangspunkt i drakskikken slik den var ein periode på 1800-talet.
Overliv
Overlivet blir laga i silkebrokkade og fins i fleire forskjellige variantar. Dei mest brukte fargane i dag er svart, raudt eller grønt.
Stakk
Foldastakk eller rynkestakk laga i svart ullstoff. Nederst har stakken ein kant i anna ullstoff og annan farge.
Belte
Ugifte kvinner brukar svart fløyelsbelte med sølvspenne, medan gifte kvinner kan bruke stølebelte i sølv.
Skjorte
Det blir brukt kvit linskjorte med kvite eller svarte broderi. I tillegg kan ein også bruke grøn silkeskjorte med halvskjorte og lausmansjettar.
Forkle
Blir laga i tettvevd ullstoff med striper på langs og tverrstriper nederst. Fargene kan variere noko.
Sølvstas
Maljer og maljekjede i sølv høyrer til overlivet. Vidare blir det brukt ei nål i halsen forma som ein dobbel halsknapp. Det er vanleg å bruke ei sølje i tillegg.
Med kvit skjorte.
Detaljar frå stakken.
Detaljar frå skjorta.