Råndastakk
Råndastakken har vore i bruk i Nord-Gudbrandsdalen heilt frå 1830-åra, og er ein av dei mest tradisjonsrike bunadane i Noreg. Bunaden fekk namnet frå ordet ”rånd” som betyr stripe.
Kjole/stakk
Overdelen blir laga i raudrutete ullstoff fora med baskerlin.
Stakken blir laga av stripete ullstoff. Midt på stakken er det ein pressfold, og lenger nede er opplegget lagt inn i ein hengefold. I midja er stakken lagt i foldar heile vegen rundt.
Forkle
Her kan ein velje mellom ulike variantar:
- Forkle i svart, tynt ullstoff med striper.
- Forkle i kvitt, tynt ullstoff med striper.
- Forkle i svart bomullsstoff med rosemønster.
Skjorte
Skjorta er laga i kvit bomull og har nuperellar på krage og mansjettar. Splittopning i front.
Anna
Til bunaden er det mest vanleg å bruke svarte strømper og svarte bunadsko.