Romsdal, Bolsøy

Tidleg på 1900-talet vart dei første broderte damebunadane frå Romsdal tekne i bruk. Det finst fire ulike bunader frå Romsdal. Bolsøybunaden som er den mest brukte bunaden, vart teikna i 1940-åra av Mali Furunes. Bunaden er inspirert av draktmateriale frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Den første Bolsøybunaden var ferdig i 1947.

Vest
Laus vest i ullstoff med handbrodering i front og bak. Vesten er fôra med baskerlin og blir lukka med hekter i front. Ein kan velje mellom blå eller raud vest.

Skjørt
Blått skjørt i ullstoff med handbrodering. Skjørtet har linning i midja, rynker midt bak og folder i sidene. Det er ei raud foring på innsida av skjørtet nede, for å beskytte broderinga.

Veske
Veske i ullstoff med brodering. Veska skal alltid ha same farge om vesten. På toppen av veska er det ein lås i sølv eller tinn. Denne blir festa til linninga på venstre side av skjørtet.

Lue
Blå lue i ullkanvas med handbrodering bak og nupereller rundt kanten i front. Lua er fôra med baskerlin.

Skjorte
Kvit skjorte i lin med handbroderi på krage, berestykke og mansjettar. I front er det ei splittopning.

Cape
Blå cape i same stoff og farge som skjørtet. Den er fôra med raudt stoff.

Anna
Bunaden er også å få i grøn eller rustraud om ønskeleg.

Raude eller mørkeblå strømper og svarte bunadsko høyrer til denne bunaden.