Rogaland, Løland
Bunaden vart laga ut i frå det som var kjend draktskikk på 1800-talet. Mønsteret er kopiert frå eit gamalt sjal som kjem frå Løland i Suldal. Bunaden vart utstilt for første gong i 1927, på Stavanger Museum. Tulipanmønsteret er eit kjend motiv frå rosemålingstradisjonen i Rogaland.
Vest og stakk
Vesten blir laga i brokade. Ein kan velje mellom fleire forskjellige. Den er kanta med fløyel og sølvband rundt ermehol, hals og i framkant. Stakken er laga i 100% ulldrape. Ein kan velje mellom fargene svart eller blå.
Forkle og sjal
Forkle og sjal er handbrodert. Dei blir laga i same materialet og farge som stakken.
Lue og veske
Lua og veska blir laga i det same materialet og farge som stakken. Lua har handbrodering og blonder langs framkanten. Veska har også handbrodering.
Skjorte
Skjorte i kvit lin med handbrodering på krage, mansjettar og langs opninga i front.
Belte
Til belte kan ein velje mellom same materialet og farge som i stakken eller fløyel. Mange vel også sølvbelte.
Cape
Cape i svart eller blå ulldrape med raudt fôr i ullkanvas.
Anna
Til bunaden blir det brukt svarte eller raude strømper og svarte bunadsko.