Ringerike

Bunaden vart skapt på slutten av 1940-talet, men satt i produksjon først i 1954. Fasongen er inspirert av livkjolane frå Gudbrandsdalen som var svært populære i denne tidsperioden. Det var viktig at broderiet hadde lokalt opphav, så dette vart henta frå ein ca. 200 år gamal brodert bord, som i dag er oppbevart på Ringerike Museum. Bunaden blir levert i fargene svart og blå.

Kjole/stakk
Stakken er foldelagt og sydd saman med livet. Livet blir lukka i front med skjulte sølvringar og sølvlenke til snøring. Der er handbroderi på framstykka og på ryggen av livet, samt på kanten av stakken. Stakken blir levert i fargene svart og blå.

Veske
Veska er handbrodert og har same motiv i broderiet som stakken. Stoffet er i same farge og materialet som stakken.

Skjorte
Skjorta er handbrodert og i 100% lin. Om ønskeleg kan ein bruke skjorte med nuperellar, utan broderi.

Belte
Beltet er laga i same materialet og farge som stakken. Her kan ein også velje sølvbelte.

Lue
Lua er handbrodert og har same motiv i broderiet som stakken. Stoffet er i same farge og materialet som stakken.

Anna
Til bunaden blir det brukt svarte strømper og bunadsko.