Østfold

Østfold damebunad vart godkjent i 1936 og lansert av Østfold Husflidslag. Utgangspunktet for livet var eit stoffstykke frå Unneberg i Berg ved Halden. Mønsteret på ulldamasken til vesten og broderia på sjal, veske og lue er basert på draktfunn og historiske klede frå Østfold på 1700 og 1800-talet. Bunaden vart i si tid utarbeidd saman med Den Norske Husflidsforening i Oslo.

Kjole/stakk
Vesten blir laga i grøn, raud eller svart ulldamask. Den er sydd fast til stakken. Stakken er i svart ullstoff og foldelagt i midja. Nedst på skjørtet er det ein kant i ullstoff som passar farga på vesten og ei handbrodert bord.

Belte
Regulerbart belte i svart ullstoff med ei innfelling av ullstoff i same farge som vesten. Beltet blir festa med ei spenne.

Sjal
Handbrodert svart silkesjal. På den eine sida av sjalet er det ein fargerik brodert bord, og på den andre sida er det brodert ei sørgerose som ein kan bruke dersom eigaren er i sorg.

Veske
Svart handbrodert veske, kanta med band i same farge som vesten. 

Lue
Svart lue i silkestoff med brodering bak og på sidene. Lua er kanta med band i same farge som vesten.

Hårband
Hårband i svart silkestoff med handbroderi og kanteband i same farge som vesten.

Skjorte
Skjorte i kvit lin med brodering på krage, mansjettar og berestykket.

Cape
Cape i same stoff som skjørtet. Den er fôra i same farge som vesten.

Anna
Til denne bunaden blir det brukt svarte strømper og sko.