Nordmøre

Denne bunaden er basert på draktskikken frå første halvdel av 1800-talet. Den første bunaden vart lansert på byrjinga av 1900-talet. Bunaden har vore gjennom ein del omarbeidingar og revisjonar. I 1951 vart ein samde om utsjånad. På midten av 1970-talet starta ein med ny revisjon. Den bunaden som blir produsert i dag, vart ferdig godkjent i 1985.

Kjole/stakk
Stakken er laga i 100% ullkanvas i fargene svart eller mørkeblå. Vesten er laga i raud, blå/grøn ulldamask eller kallemank. Rundt hals og i front er det sydd på band med sølvtrådar.

Belte
Belte med sølvlås i same materiale og farge som skjørtet. Om ønskeleg kan ein feste sølvstølar på beltet.

Veske
Det finst mange typer vesker til denne bunaden. Veska vi har her, er frå ein bunad som vart laga i Ålvundfjorden i 1940. Den har handbrodert blomstermotiv i same materiale og farge som stakken.

Forkle
Her kan du velje mellom:

  • Ruta stoff i 100% ull i fargene grøn, svart og raud.
  • Kvitt forkle i 100% lin med handbrodert bord nede.

Skjorte
Kvit skjorte i lin med brodering på krage, mansjetter og langs opning i front.

Cape
Cape i same farger og materiale som stakken.

Anna
Til denne bunaden skal det vere svarte eller raude strømper og svarte bunadsko.