Østfold, Løkendrakt

Østfoldbunaden Løken vart ført ut i marknaden av Østfold Bondekvinnelag i 1949. Broderiet er utvikla frå blomstermotiva til eit rosemåla skåp, frå Lille Løken Gård i Trøgstad, og omarbeidd til broderi for bunaden og skjorta. Dei same blomstermotiva kunne ein sjå mange døme på rundt om i fylket.

Kjole/stakk
Kjolen/stakken blir laga i svart, blått eller kvitt ullklede. Vesten har handbroderi i front og på ryggen. Den blir lukka med hekter i front. Skjørtet er foldelagt i midja og har eit breitt handbroderi nedst.

Skjorte
Kvit skjorte i 100% lin med handbrodering på krage, mansjett og frontstykke. Om ønskeleg kan ein bruke kvit skjorte med nuperellar, utan broderi.

Belte
Einsfarga belte i same stoff som stakken. Det blir lukka med ei spenne.

Veske
Handbrodert veske i same stoff som stakken.

Lue/hårband
Handbrodert lue i same stoff som stakken. Om ønskeleg kan ein velje handbrodert hårband i same stoff som stakken.

Cape
Einsfarga cape i ullklede i same farge som stakken.

Anna
Til bunaden blir det brukt svarte strømper og svarte bunadsko