Hardanger, Vinterdrakt
Dei første bunadane vart laga på midten av 1800-talet. Desse vart brukt av vaksne kvinner. Overdelen vart opphavleg brukt som trøye/jakke, men mellom 1890-1900 endra forma seg. Snittet forandra seg og trøya/jakka vart skore av i midja og festa til stakken.
Denne bunaden blir brukt både i Granvin, Eidfjord, Kvam og Ulvik. Det som skil dei ulike bygdene er banda på overdelen, samt motivet på bringeduken og beltet.
Kjole/stakk
Bunaden er laga i 100% ulldrapé eller i 100% ullkanvas. Overdelen er kanta med gule/grøne band rundt handledd, ermesplitt, rundt hals og langs forkant. Overdel og stakk er sydd saman til ein kjole.
Skjorte
Halvskjorte i lin som er handbrodert med svartsaum.
Bringeduk og belte
Det finst fleire variantar av bringeduken og beltet. Dei kan vere brodert, vevd eller perletredd. Bringeduken festast til overdelen på kjolen. Beltet har ein lås i sølv som festast i midja. Breidda på beltet er ca. 6 cm.
Hårvippe
Om ønskeleg kan ein bruke hårvippe. Hårvippa er laga i raudt og kvitt ullband som er ferdig fletta og blir festa til håret med hårnåler.
Cape
Til bunaden er det laga ein cape i ulldrape med raudt fôr i ullkanvas.
Anna
Svarte strømper og svarte bunadsko blir brukt til denne bunaden.