Hardanger
Hardangerbunaden er kanskje den mest kjende bunaden vi har i Noreg. I ein lengre periode var Hardangerbunaden nærast eit nasjonalsymbol og vart brukt av mange rundt om i landet. Dei første bunadene vart laga på midten av 1800-talet og brukt blant vaksne kvinner. Bunaden er framleis populær og gir stor fridom i val av tilbehøyr.
Kjole/stakk
På vesten kan ein velje mellom raudt eller grønt ullklede, eller raud eller grøn brokade. Skjørtet blir levert i svart ulldrape eller ull-kanvas. Nedst på skjørtet er det påsydd to rader med fløyelsband.
Forkle
Forkleet er alltid kvitt med Hardangerbroderi i ulike variantar. Ein kan velje mellom handbrodert forkle laga i bomull med innfelt linbroderi eller handbrodert forkle i 100% lin.
Skjorte
Ein kan velje mellom kvit skjorte i 100% bomull med handbroderi i lin eller kvit, handbrodert skjorte i 100% lin.
Bringeduk
Den vide opninga som er framme og ned mot midja på vesten gir rom for den flotte broderte bringeduken. Det finst fleire variantar og motiv å velje mellom. Bringeduken kan vere brodert, vevd eller perletredd. På bildet er bringeduken perletredd for hand.
Belte
I midja har bunaden eit flott belte som anten er i perlebroderi eller med sølvstølar. Det perletredde beltet finst i fleire motiv. Det er mest vanleg å velje belte med same motiv som bringeduken.
Hårvippe
Om ønskeleg kan ein velje hårvippe. Hårvippa er laga i raudt og kvitt ullband som er ferdig fletta.
Veske
Veska er perletredd for hand og laga i same materiale som skjørtet/stakken.
Cape
Capen er svart med raudt fôr i ullkanvas. Den blir laga i same materiale som skjørtet/stakken. Capen går ned til midten av leggen.
Anna
Det blir brukt svarte eller raude strømper og svarte bunadsko til denne bunaden.