Hallingstakk
Helgestakken har tradisjonelt sett vore i bruk over heile Hallingdal, og er framleis eit populært plagg når ein skal vere pynta. Stakkane byggjer på draktskikkar frå 1700-tallet, då dette var eit vanleg plagg både til kvardags og fest. Det var stofftypane som avgjorde korleis den enkelte stakken skulle brukast. Den svarte vart brukt til festlege anledningar, medan blå og grøn vart brukt til halvfint. Den rutete stakken vart brukt til kvardags. I dag blir stakkane benytta til fest, same kva farge og mønster ein vel.
Kjole/stakk
Helgestakkane blir laga i svart, blått eller grønt ullstoff. Den raudruta stakken blir laga i bomullstoff. Til livet som er festa på stakken kan ein velje mellom ulike handbroderi og einsfarga stoff i ulldamask eller brokade, både i front og i rygg. Rundt kanten av overlivet kan ein velgje mellom ulike pynteband. Når det gjeldt det handbroderte bandet nedst på stakken, så finst også dette i mange forskjellige mønster og farger.

Skjorte
Skjorta er laga i bomullstoff, med eller utan broderi. Den kan lagast som einsfarga kvit, eller i blomstrete stoff med kvit krage. Det finst også silkeskjorter, ofte i raudfarger.

Sølv
Midja blir markert med eit svart skinnbelte (livhjul) med sølvspenne.

Anna
Svarte strømper og svarte bunadsko blir brukt til stakkane.