Hallingdal, Rukkastakk
Dette er ein bunad som er eldre enn Festbunaden. I motsetnad til Festbunaden, som har livet på oversida av brysta, har Rukkastakken livet rett under brysta. Johannes Flintoe har måla mange bilete frå Hallingdal som syner Rukkastakken i bruk. Namnet "Rukkastakk" kjem truleg av at det er mange rynker på sjølve stakken, under brokkadelivet. Rukke på halling betyr rynke.
All kunnskap om plagget syner at mangfaldet var stort og mange sette sitt eige preg på bunaden, då sjølvsagt etter kva ein fekk tak i og kor god råd ein hadde. Rukkastakken, eller varianter av den, vart truleg brukt på heile 1700-talet og kanskje heilt ned på 1600-talet. Før 1840 vart det som regel nytta gult metall i halspynt og belte, medan det seinare kom meir og meir sølv i bruk.
Overliv og bringeklut
Overlivet kan lagast i fleire forskjellige variantar. Det kan brukast silkebrokkade, ulldamask og andre stoff i ulike farger. Kantar og detaljar blir laga med pynteband, som også finst i mange variantar.
Bringekluten blir brodert og ofte også pynta med perlebroderi. Det finst utallige variantar å velgje i, og det blir opp til kvar enkelt å setje saman ein bunad som ein liker.
Stakk
Stakken er sydd fast til overlivet og den blir laga i tettvevd ullstoff.
Forkle
Forkleet på rukkastakken blir som regel laga i svart ulldamask, men det kan også brukast forkle med kvit botnfarge og mønster. Forkleet er rynka til ein linning i overkant, og langsidene har smale pynteband. Langs nedrekanten er det påsydd eit brodert band, som finst i mange ulike variantar.
Skjorte
Til bunaden høyrer kvit skjorte (avadeld) med kvitsaumbroderi eller anna brodering. Skjorta blir i dag som regel laga i bomull, men det har også blitt brukt linskjorter.
Sølvstas
Sølvet består av ei halssølje, spenner og lekkje. I tillegg kan ein bruke skinnbelte med sølvpynt rundt heile.
Anna
Til bunaden blir det nytta silketørkle i halsen.