Hallingdal, Festbunad

 

  •  

Festbunaden frå Hallingdal er ein bunad det har vore lite endring på gjennom tida. Noko av det mest særmerkte med denne bunaden er det høge livet (over brystet). Dette er kjent frå empirestilen rundt 1850. Bunaden som er avbilda på denne sida er med svart forkle, og dermed frå Øvre Hallingdal. I nedre delar av dalen og i Hemsedal blir det bruk blomstrete forkle på svart eller kvit botnfarge eller rutete forkle.

Overliv
Livet til bunaden blir laga i svart ullstoff brodert med barokke roser i fleire farger. Broderimønsteret er det same på livet, lua, stakkebandet og forklebandet. 

Stakk
Stakken blir laga i tettvevd ullstoff som er sydd fast til overlivet. Langs kanten nede er det påsydd eit brodert band.

Forkle
I Øvre Hallingdal er forkleet alltid svart. Det bli laga i ulldamask eller andre mønstrete stoff på svart botn. Forkleet er rynka til ein linning i overkant, og utanpå denne sit det eit brodert band. Lang sidene har forkleet smale kanteband, og langs kanten nede er det eit breiare band med brodering.

Skjorte
Til festbunaden høyrer kvit skjorte (avadeld) med kvitsaumbroderi. Skjorta blir i dag som regel laga i bomull, men det har også blitt brukt linskjorter

Hovudplagg
Tradisjonelt sett har det eksistert fleire ulike hovudplagg i Øvre Hallingdal, alle med spesielle funksjonar. I dag blir det vanlegvis brukt ei lue i svart ullstoff med same broderi som på overliv og band.

Sølvstas
Sølvet består av ei halssølje, spenner og lekkje.

Anna
Til bunaden blir det nytta silketørkle i halsen. Ein kan også pynte seg med fyriermar, broderte vottar og veske (pomadur). Opentrøye med bringeklut, eller kneppatrøye blir brukt i den kalde årstida.