Aust-Telemark

Denne bunaden blir også kalla Raudtrøyebunad, og er basert på gamle drakter frå 1820 til 1850-åra. Broderiet er basert på mønster frå gamle vadmelstrømper og rosemålingsmønster.

Jakke
Kort raud ulljakke laga i tjukt ullklede med brodering i front, på rygg og nedst på ermet. Nedst på jakka er det ein brodert kant i svart ullstoff. Jakka er fôra.

Kjole/stakk
Vesten er laga i raudt ullklede med handbroderi på forstykka og på ryggen. Rundt framkant og ermer er vesten kanta i svart ullstoff med handbroderi. Ryggen har to svarte handbroderte dekorband. Stakken er i svart ulldrape. Nedst på stakken er det laga eit «hjul» ut av fire ulike band sydd saman, noko som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Det eine bandet er handbrodert.

Forkle
Forkleet er laga i svart ulldrape. Nedst på forkleet er det ein handbrodert bord og eit raudt dekorband med handbroderi.

Skjorte
Her kan ein velje mellom fleire typar. Skjortene er fargerike og har mange forskjellige mønster i broderimetodane smøygsaum, plattsaum og korssting. Stoffa i skjortene er bomull eller silke. 

Belte i brikkevev
Handvove belte i 100% ull i raude farger. Beltet blir bretta rundt livet og festa i venstre side. Endane heng ned langs sida. Breidda på beltet er ca. 7 cm.

Hårvippe i brikkevev
Handvevd hårvippe i 100% ull i raude farger, same som beltet. Det er valfritt å bruke vippe. Hårvippa kan vere eit laust band som ein sjølv flettar inn i håret, eller ein kan kjøpe ei ferdig fletta vippe som ein festar med hårnåler til håret. 

Veske
Handbrodert veske i svart ulldrape som er kanta med ein raud bise. Same broderimotiv som på forkle.

Anna
Til bunaden blir det brukt svarte, raude eller broderte strømper og svarte bunadsko.