Aust-Telemark, Beltestakk
Kvinnedrakta i Telemark endra seg gradvis frå 1850 og fram til 1910, og vart etterkvart til det som i dag blir kalla Beltestakk. Frå byrjinga av 1960-talet vart stakken tatt i bruk att, og kopiert frå gamle modellar ein hadde arva. Dette har ført til mange variasjonar av Beltestakken når det kjem til saum og design på forkle, vest og skjorter. Syersker og systover syr stakkane på ulike måtar, og modellane er avhengig av korleis den opphavlege stakken som har blitt kopiert såg ut.
Det som særpregar Beltestakken er det høge livet, noko som gjer at skjørtet blir langt og vesten kort, samt det breie brikkevevde beltet. Nedst på stakken er det påsydd eit stivt hjul som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Stoffmaterialet på vesten kan variere mellom einsfarga ullstoff med broderte blomstermotiv, silkebrokader og fløyel. Bordane på forkle er i ullstoff med handbroderte blomstermotiv eller påsydde band i silke eller ull med ulike farger og motiv.
Kjole/stakk
Stoffmaterialet på vesten kan variere mellom einsfarga ullstoff med broderte blomstermotiv, silkebrokader og fløyel. Vesten er kanta rundt ermer og framkant med svart fløyel og dekorband. På ryggen er det dekorband i ulike farger. Stakken er i svart ulldrape. Nedst på stakken er det påsydd eit stivt hjul som gir skjørtet ein klokkeforma utsjånad. Rundt hjulet er det kanta med dekorband. I midja er stakken rynka saman.
Forkle
Forkleet er laga i eit svart ulldamask-materiale. Bordane på forkle er i ullstoff med handbroderte blomstermotiv eller påsydde band i silke eller ull med ulike farger og motiv. Øvst på forkleet er det festa eit handvevd forkleband i ull og lin, som er festa to gonger rundt skjørtet og knytt i front. Bandet er i lik farge som beltet. Breidda på bandet er ca 2,5 cm.
Belte i brikkevev
Handvevd belte i 100% ull. Det er vanleg å lage beltet i farger lik forklebandet. Beltet er langt. Det blir lagt to gonger rundt og festa bak. Breidda på beltet er ca. 12 cm.
Skjorte
Her kan ein velje mellom flerie typer. Skjortene er fargerike og har mange ulike mønster i broderimetodane; smøygsaum, plattsaum, og korssting. Stoffa i skjortene er i bomull eller i silke.
Hårvippe i brikkevev
Handvevd hårvippe i 100% ull i same farger som beltet. Det er valfritt å bruke vippe.