Voss

Bunaden slik den er i dag er laga med bakgrunn i informasjon som er samla inn rundt om i området. Frå 1860 og framover starta ein med å bruke jakke og lukebukse i svart klede og raud vest. Etter 1950-talet blei det vanleg å ha vest med grøn innfelling på den raude vesten.

Jakke
Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.

Bukse
Ein kan velje mellom fire ulike bukser til bunaden. Knebukse med knappegylf, knebukse med lukeopning, lang bukse med knappegylf og lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med innfelling av grønt ullklede i front. Vesten er kanta med raude og grøne ullband. Bomullstoff i ryggen.

Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.

Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt. Svart filthatt er oftast i bruk. Smågutar brukar gjerne raud strikkalue.

Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.