Vest-Telemark
Bunaden vart teken i bruk frå andre halvdel av 1800-talet. Bunaden slik den er i dag, vart laga på starten av 1900-talet. Stilmessig høyrer den til nyrokokkoen. Bunaden blir også kalla for Rundtrøyebunaden frå Vest-Telemark.
Jakke
Open, kort jakke med slag og krage i svart ulldrapé.
Bukse
Ein kan velje mellom langbukse eller knebukse i svart ulldrapé. Knebuksa har knesplitt med knappar.
Vest
Dobbelspent vest med slag i svart ulldrapé.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.