Vestfold, Borre
Denne bunaden vart utarbeidd saman med Borre Leikarring i 1937. Jakka er ein kopi av ei jakke frå garden Trolldalen i Andebu, og er å sjå på Norsk Folkemuseum. Vesten er ein kopi av ein brudgomsvest frå 1832 som også kjem frå Andebu. Buksa er ein kopi av ei skinnbukse frå Kodal. Originalane er på Vestfold Folkemuseum. Bunaden har røter attende til første halvdel av 1800-talet.
Jakke
Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.
Bukse
Ein kan velje knebukse eller langbukse med lukeopning i svart ullklede.
Vest
Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i raudt eller grønt ullklede. Baskerlin i rygg.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er valfritt å bruke hatt.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.