Vestfold

Bunaden vart ferdig i 1985, og har fellestrekk med Borrebunaden. Jakka er ein kopi av ei jakke frå garden Trolldalen i Andebu, og er å sjå på Norsk Folkemuseum. Vesten er ein kopi av ein brudgomsvest frå 1832, også denne frå Andebu. Buksa er ein kopi av ei skinnbukse frå Kodal. Originalane heng på Vestfold Folkemuseum. Bunaden har røter frå første halvdel av 1800-talet.

Jakke
Open, kort jakke med ståkrage og slag i raudt ullklede.

Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede. Denne buksa kan ein også få med knapp på knelinning i staden for spenne.

Vest
Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i gul silkedamask. Baskerlin i rygg.

Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper
Til knebuksa skal det brukast kvite naturfarga ullstrømper. 

Hovudplagg
Om ein vil, kan ein bruke hatt. Hatten skal ha høg pull, etter det som var vanleg på fyrste halvdel av 1800-tallet. Strikkelue kan og brukast.

Anna
Halsetørkle i fleirfarga silke vert nytta. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.