Vest-Agder
Bunaden byggjer på draktskikken i Vest-Agder frå 1815-1825, etter eit mønster frå Audnedalen. Den vart vidareført av mange ulike skreddarar som sette sitt særpreg på den. Bunaden slik vi kjenner den i dag er frå 1950-åra.
Jakke
Open, kort jakke i svart klede med slag og grøn ståkrage. Ermene har grøne mansjettar med splitt.
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede. Buksa knesplitt og grøn knelinning med spenne.
Vest
Enkeltspent vest med slag og ståkrage i stripete ullstoff. Baskerlin i rygg.
Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi, med knapphol for halsknapp.
Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden.
Anna
Det er mest vanleg med sølvknappar til bunaden, men tinnknappar kan også brukast.