Valdres

Bunaden med svart jakke er den som har vore i bruk lengst i Valdres. Bunaden vart utvikla og sett i produksjon i 1962. Jakka er ein kopi av ei trøye frå 1860–70 frå Søre Garli i Nord-Aurdal. Buksa er frå Sør-Aurdal frå 1880–90 åra. Vesten er ein kopi frå Robøle.

Jakke
Kort, open jakke med ståkrage og slag i svart klede. Ein kan velje svart eller brun fløyel på kragen, i framkant og på ermer.

Bukse
Ein kan velje mellom langbukse eller knebukse med lukeopning i svart ullklede.

Vest
Dobbeltspent ruta vest med ståkrage og slag i ullstoff. Baskerlin i rygg.

Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper. 

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden. 

Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.