Sunnhordland
Bunaden er utarbeidd med utgangspunkt i klede frå andre del av 1800-talet. Det lokale namnet på jakka er Laksatrøya. Bunadene frå Stord og Bømlo er like, det er berre stoffa som skil.
Jakke
Open, lang jakke utan krage i svart klede. Ryggen er formsydd med folder, noko som gir jakka ei volangform nede.
Bukse
Langbukse eller knebukse med lukeopning i svart klede. Knebuksa har knesplitt og knelinning med spenne.
Vest
Dobbelspent vest med ståande krage og slag i raudt ullstoff. Kvitt lin i ryggen.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden.
Anna
Det er mest vanleg med sølvknappar til bunaden, men tinn kan også brukast.