Sogn, Spelemannsbunad
Bunaden vart mykje brukt blant spelemenn i Sogn på starten av 1900-talet. Den har fellestrekk med Brekkebunaden som vart utvikla mellom 1915 og 1920.
Jakke
Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ulldrapé.
Bukse
Ein kan velje mellom langbukse eller knebukse med lukeopning i svart ulldrapé. Knebuksa har knesplitt og knelinning med spenne.
Vest
Open vest med ståkrage i raudt ullklede. Den er kanta med svarte fløyelsbiser. Baskerlin i ryggen.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.