Sogn

Bunaden byggjer på klesskikken slik den var i dei midtre og indre delane av Sogn frå første halvdel av 1800-talet. Jakka har røter attende til Streglatrøya på 1500-talet, og vestane har inspirasjon frå empiremoten tidleg på 1800-talet. Bunaden kom i bruk tidleg på 1900-talet og fins i fleire ulike modellar.

Jakke
Lang, open jakke med ståkrage i raud eller kvit vadmel. Den raude jakka er kanta med grøne ullband rundt jakke, krage og ermvifte. Den kvite jakka er kanta med svarte ullband. 

Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede. Knappar og spenne under kneet. 

Vest
Til raud jakke: Enkelspent vest med ståkrage i grønt ullklede. Baskerlin i rygg. Den er kanta med raude ullband i framkant og svarte ullband rundt krage.

Til kvit jakke: Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede. Baskerlin i rygg. Vesten er kanta med svarte ullband.

Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper
Det er vanleg å bruke kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden.

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt. Kollelue med ullstoff og fløyelsband kan nyttast.

Annet
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv. Skjortering og halstørkle vert nytta.