Sigdal/Eggedal

Bunaden har utgangspunkt i ei steglatrøye frå Sigdal som var vanleg å bruke i mange delar av landet på 1700-talet. Vesten har ein kort empirestil frå starten av 1800-talet. Arbeidet med bunaden blei tatt opp att i 1938. Når det gjeld buksa, har ein teke utgangspunkt i ei brodert skinnbukse.

Jakke
Open, fôra jakke med ståkrage og slag i kvitt ullklede. Jakka er kanta med raude ullband i front, rundt krage og ermavslutning.

Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede. Buksa har broderi i fronten på luka.

Vest
Dobbeltspent raud vest med ståkrage og slag i raudt ullklede. Baskerlin i rygg.

Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden.

Anna
Bunaden blir levert med knappar i messing, tinn eller sølv.