Romsdal
Den første romsdalsbunaden vart utvikla på starten av 1900-talet og dei første mønstra var ferdige i 1926. Bunaden er komponert på bakgrunn av gamle plagg frå Romsdalen. Buksa og jakka, som blei kalka «speljakken», stammar frå ei drakt i Tresfjord.
Jakke
Ein kan velje mellom kort eller lang jakke.
Lang jakke: Open, lang jakke med ståkrage og slag i gråmelert vadmel eller klede. Jakka blir levert med eller utan fôr i mellomgrå, melert vadmel. Jakka har to sidelommer, splitt i ryggen og to legg midt bak. Den er kanta med grøne ullband på krage, forkant, nedkant og på lommeklaffar.
Kort jakke: Open, kort jakke med slag og ståkrage i gråmelert vadmel eller klede. Jakka har to innvendige lommer og kragen har grå stikningar.
Bukse
Ein kan velje mellom langbukse eller knebukse med lukeopning i mørkeblått ullklede. Den har to sidelommer. Knebuksa har knesplitt og knelinning med spenne.
Vest
Ein kan velje mellom grønruta eller grøn vest.
Grønruta vest: Dobbelspent, grønruta vest i ullstoff med slag og utan krage. Vesten har to sidelommer og baskelin i ryggen.
Grøn vest: Dobbelspent vest med slag og ståkrage i grønt ullklede. Vesten har to sidelommer og baskelin i ryggen.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.
Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.
Anna
Det er mest vanleg å bruke sølvknappar i bunaden, men tinn kan også brukast.