Rogaland
Denne bunaden vart presentert på 1920-talet. Den bygger på gamle draktdelar og kjelder frå 1800-talet, som er å sjå på Stavanger Museum.
Jakke
Open jakke med ståkrage og slag. Slaget er i brokade og resten av jakka i ulldrapé eller klede. Jakka er kanta med raude ullband. Den har to innvendige lommer, to sidelommer og to splittar i ryggen.

Bukse
Her vert det nytta både langbukse og knebukse i svart ulldrapé.

Langbukse: Lukeopning og to sidelommer. Raude biser rundt lukeopning og i sidesaumane.
Knebukse: Lukeopning, to sidelommer, knesplitt og knelinning med spenne. Raude biser rundt lukeopning, i sidesaumane, rundt knesplitt og knelinning.
Vest
Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i brokade. Den har to sidelommer og baskerlin i rygg. Ein kan velje mellom ulike brokadestoff, men jakke og vest må ha same farge og mønster på brokade.

Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt til denne bunaden.
Anna
Bunaden leverast med tinn- eller sølvknappar.