Ringerike

Jakke
Open, lang jakke laga i svart ullklede. Den er dobbeltspent med seks par sølvknappar. Den har ståande krage, men ikkje slag. Knappestolpane, ermbryningane og kragen er kanta med fløyel. Framstykkene er skrådd bakover, slik at ryggen er lengre enn fronten.

Bukse
Ein kan velje knebukse eller langbukse i svart ullklede. Buksa har lukeopning.

Vest
Enkeltspent vest i silkebrokade. Her kan ein velje mellom ulike farger, men det er mest vanleg med grønt. Vesten har ståkrage og er utan slag.

Skjorte
Kvit skjorte i bomull, utan broderi.

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Det er valfritt å bruke hatt.

Anna
Bunaden blir levert med knappar i sølv. Ein skal bruke silketørkle i halsen.