Østfold
Bunaden er basert på herremoten frå slutten av 1700 til byrjinga av 1800-talet. Jakka vart på den tida kalla for «kjol». Jakka/kjolen, vestane og buksa var tidlegare lagra på Ellefsrød i Eidsberg, no eigd av Halden Historiske Samlinger. Det var fleire ulike vestar, og dei vestane som er vanleg å bruke i dag, finn ein att blant originalane frå starten av 1800-talet. Buksa er basert på ei skinnbukse frå starten av 1800-talet.
Jakke
Lang, open jakke med ståkrage i kvit eller blå vadmel. Den kvite jakke er kanta med grøne ullband på erme, langs krage, på knappelist i front, i framkant og på kanten nede. Blå jakke har tilsvarande turkise ullband.
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede.
Vest - smale eller breie striper
Dobbeltspent vest i raudt og gult smalstripa ullstoff med raudt ullstoff i ryggen. Eller dobbeltspent vest i raudt breistripa ullstoff med grønstripa ullstoff i ryggen.
Vest - i kallemank
Dobbeltspent vest i kallemank-mønstra ullstoff i raudt/kvitt. Raudt ullstoff i ryggen.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.