Østerdalen
Bunaden vart ferdigstilt av bunadskomiteen i Elverum Husflidslag i 1986, og er ein nøyaktig rekonstruksjon av plagg frå ca. 1830 til 1840-talet. Kleda som vart kopiert er utstilt på Tynset Bygdemuseum, Glomdalsmuseet og Norsk Folkemuseum. Jakka og buksa er frå Tynset. Vesten er frå Os.
Jakke
Open, kort jakke med ståkrage i svart klede.
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede. Buksa har 2 sidelommer under lukeopninga, knesplitt og knelinning med spenne.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i rustraudt eller grønt ullstoff. Stoffet er med svart trykkmønster. I ryggen er det svart ullstoff.
Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Ein kan bruke lue i svart med raud kant.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i messing, tinn eller sølv.