Numedal
Bunaden kjem frå Nedre Numedal og blir kalla Rundtrøye. Rundt 1870 gjekk ein frå å bruke gråtrøye til å bruke rundtrøye. Bunaden vart vidareført av mange ulike skreddarar som har sett sitt særpreg på den.
Jakke
Open, kort jakke med slag i svart ullklede. Broderi under lommeopning, nedst langs kanten av jakka og ermer.
Bukse
Ein kan velje mellom knebukse eller langbukse med lukeopning i svart ullklede.
Vest
Dobbeltspent vest med slag og utan krage i svart ullklede. Stripete bomullsstoff i ryggen.
Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.
Anna
I halsen vert det brukt silketørkle. Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.