Nordmøre

Nordmøre Ungdomslag har rekonstruert mannsbunaden, med god hjelp frå enkeltpersonar og andre lag på Nordmøre. Bunaden byggjer på draktmateriale frå første halvdel av 1800-talet. I tillegg til dei ulike plagga som er funne på Nordmøre, har gamle skrivne og fotografiske kjelder vore til nytte under arbeidet med rekonstruksjonen. Bunad- og folkedraktrådet konkluderte med at alle delane på bunaden var svært godt kopiert frå dei gamle originalplagga.

Jakke
Open jakke med ståkrage og slag.

Bukse
Ein kan velje knebukse eller langbukse med lukeopning i blå vadmel. Buksa blir vanlegvis festa med eit belte nede på hoftene.

Vest
Dobbeltspent raud vest med ståkrage og slag i vadmel eller raud/kvit ulldamask. Baskerlin i rygg.

Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.

Anna
Bunaden blir levert med bronseknappar.