Nordland/Troms

Den første bunaden vart laga av folkehøgskulelærar Johs. Eidnes i 1924, ut ifrå bakgrunnsmateriale han hadde samla inn rundt om i Troms og Nordland. Han fekk hjelp av skreddarmeister Cornelius Jakobsen til å sy bunaden. Bunadsnemnda i Troms Ungdomsfylking og Hålogaland Ungdomslag starta i 1978 å lage saumforklaring og å rekonstruere bunaden. Denne bunaden blir brukt både i Nordland og Troms. 

Jakke
Kort, open jakke med ståkrage og slag i svart ullklede. Jakka er fora og har 2 innvendige lommer. Den er formsydd i ryggen og har 2 sidelommer i front.

Bukse
Knebukse med lukeopning i svart klede. Buksa har 2 sidelommer under klaffen, knesplitt og knelinning med spenne.

Vest - Nordland
Dobbeltspent vest med slag utan krage i grønblomstra brokade eller raudt ullklede. Grågrønt bomullsstoff i rygg. Vesten har 2 brystlommer, 2 sidelommer og splitt i sidene. 

Vest - Troms
Dobbeltspent vest med slag utan krage i gul eller raud brokade. Grågrønt bomullsstoff i rygg. Vesten har 2 brystlommer, 2 sidelommer og splitt i sidene. 

Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.

Strømper
Til knebuksa skal det vere ullstrømper.

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.

Anna
Det er mest vanleg med sølvknappar til bunaden, men tinn kan også brukast.