Nordhordland

Nordhordlandbunaden har røter frå første delen av 1800-talet. Jakka har utgangspunkt frå den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra vart bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram att, og endra til slik den ser ut i dag. Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.

Indre Nordhordland har ein anna utsjånad på lommeklaffane på jakke og på vest. I tillegg har vesten stikningar på krage og er utan kanteband i front på vesten.

Jakke
Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag og framkant, og på lommeklaff. 

Bukse
Ein kan velje mellom knebukse eller langbukse med lukeopning i svart ullklede. Buksa har 2 sidelommer. Knebuksa har knesplitt og knelinning med spenne.

Vest
Dobbelspent vest med ståkrage i raudt klede med dobbel innfelling av grønt ullklede i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband på krage, i framkant, rundt lommeklaffar og nede på vesten der det er raudt ullklede. Den er kanta med raude ullband på den grøne innfellinga. 

Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.

Anna
Det mest vanlege er å bruke sølvknappar i bunaden, men knappar i tinn kan også brukast.