Nordfjord
Bunaden vart utvikla på starten av 1900-talet, inspirert av draktskikken frå 1800-talet.
Jakke
Open jakke med ståkrage og slag i svart klede. På kragen er det broderte stikningar med sølvtråd. Den har 2 innvendige lommer og 2 sidelommer. Det er broderte stikningar med sølvtråd på kragen.
Bunadsbukse
Ein kan bruke både langbukse og knebukse. Ein kan velje mellom bukse med knappegylf eller lukebukse, i svart klede. Knebuksa har knesplitt med knappar.
Vest
Dobbelspent vest med ståkrage og v-halsopning i grønt ullklede. Vesten har 2 sidelommer. På kragen er det broderte stikningar med gulltråd.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.