Masfjord
Masfjordbunaden har røter attende til første delen av 1800-talet. Bunaden har mange like trekk med bunadene frå Nordhordland. Jakka har utgangspunkt i den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram att, og endra til slik den ser ut i dag.
Jakke
Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag, framkant, lommeklaff, ermsplitt og rundt erme. Jakka er fora, har 2 innvendige lommer og 2 sidelommer med forma klaff.
Bukse
Ein kan velje mellom knebukse eller langbukse med lukeopning i svart klede. Buksa har 2 sidelommer. Knebuksa har knesplitt og knelinning med spenne.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede og med innfelt grønt ullklede i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband og har broderte stikningar på kragen. Den har 2 sidelommer.
Skjorte
Kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.