Kvam

Bunaden vart registrert og teken i bruk på 1920- og 1930-talet. Som andre bunader frå Hardanger, er den basert på draktskikken frå midten av 1800- talet. På den tida var jakke og vest prega av både rokokko- og empiremote.

Jakke
Open, lang jakke med ståkrage og slag i svart ulldrapé eller ullklede. Den har 2 innvendige lommer, 2 sidelommer og 3 åpne splittar i ryggen. Jakka er kanta med grønne biser rundt kragen. 
Prydsaum-broderi i gult og grønt rundt krage, slag, framkant, nedkant, lommeklaffar, ermsplittar og ryggsplittar.

Bukse
Ein kan velje mellom langbukse eller knebukse. Buksa blir laga med knappegylf i svart ulldrapé eller klede. Den har 2 legg framme, 2 sidelommer og 2 baklommer.
Knebuksa har knappar og spenne ved kneet. Brokøyret har broderi i gul og grøn prydsaum.

Vest
Dobbeltspent vest med slag, ståkrage i grønt eller raudt ullklede. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten har 2 sidelommer. Prydsaum-broderi rundt framkant, nedkant, lommeklaffar, ermsplittar og ryggsplittar. På raud vest er prydsaumen grøn og gul. På grøn vest er den raud og gul.

Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.

Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.

Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.