Hamarøy
Jakke
Kort, open jakke med ståkrage og slag i brunt ullklede. Jakka er fora og har 2 innvendige lommer. Ryggen er formsydd og har 2 sidelommer i front.
Bukse
Knebukse med lukeopning i brun klede. Buksa har 2 sidelommer under klaffen, knesplitt og knelinning med spenne.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullstoff. Rygg i brunt fôr. Vesten har 2 sidelommer framme og regulering i ryggen.
Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i tinn eller sølv.