Hallingdal, "Fiskekjelke"

  •  

"Fiskekjelke" har vore i bruk sidan 1600-talet. Detaljar syner at den er påvirka av militæruniformer eller "På moen" klede. Fiskekjelke vart nytta i Hallingdal, Sigdal/Eggedal, Krødsherad, mot Ringerike og i Modumområdet. Mykje tyder på at denne klesskikken fylgde vassvegane, noko også handelstrafikken gjorde.

Jakke
Blir laga i svart klede eller anna tynt ullstoff. Den er dobbeltspent med seks par sølvknappar. Den har ståande krage, men ikkje slag. Knappestolpane, ermbryningane og kragen er kanta med fløyel. Framstykkene er skrådd bakover, slik at ryggen er lengre enn fronten.

Bukse
Ein kan bruke både kort og lang bukse. Den har klaff som skal kneppast i front, og blir laga i same stoff som trøya. Den korte buksa har sølvknappar ved kneet.

Vest
Det er fleire ulike vestar til denne bunaden. Den eine varianten er svart, som jakka, men den kan også lagast i raudt brokkadestoff. Vesten har ståande krage og fem par sølvknappar til knepping. Ryggen blir laga i svart forsilke.

Skjorte
Skjorta blir som regel laga i bomull, men kan også lagast i lin. Den har kvitsaum på kragen. 

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper eller tvibandsokkar.

Hovudplagg
Til denne bunaden vart det som regel nytta kollelue i raudt ullstoff med svarte fløyelsband. I dag er det mest vanleg å bruke svart hatt med fløyelsband.

Anna
Det blir nytta fyriermar, sokkeband, selar, halseklut, halsnål, bunadsko, kniv, klokkeband og sølvklokke til bunaden.