Hallingdal, Brudgomsbunad


Brudgomsbunaden har sitt utspring på tidleg 1800-talet. På Bergen Museum er det ein brudgomsbunad frå 1830. Knebuksa er svart, vesten raud og jakka eller trøya er sid og grå. Innanfor jakka er det ei kortare trøye som er blåleg i farga. Dette tyder på at det har blitt nytta ulike modellar. Ein kan òg finne grøne og raude mannstrøyer. Dette tyder på at det også har vore mange ulike farger. Johannes Flintoe avbilda både hallingar og valdrisar i desse kleda omkring 1820. Dette viser at motane også den gongen påverka folket og at dei tok etter kvarandre.

Hermund Teigen var skreddar i Ål frå ca. 1860-1870. Det vert sagt at han sauma store røser i raudt, grønt eller blått kamelgarn på knebuksa. Jakka eller trøya vart sauma mindre. Den saumen som vart laga kom etter kanten innom ein fløyelskant. Det er nok den varianten som er mest lik den vi ser brukt i dag.

Hulda Garborg skreiv i 1917 at den broderte mannsdrakta i Hallingdal lenge hadde vore ute av bruk, men at det på hennes tid vart teke i bruk att. Då spesielt til høgtidsbruk. Ho fortel også at bunaden vart mest brukt i Hallingdal, men også enkelte stader i Valdres.

Jakke
Jakka er i kvit eller svart vadmel eller klede. Den er utan knappar og er kanta med grønt ulltøy langs åpningen framme. Ermane har oppbrett i svart fløyel med raude kantar. Trøya har oppståande krage, skulderbryning og tre kiler i ryggen. Ein kan velje om ein vil ha jakke med eller utan brodering. Vel ein brodert jakke er forstykket, kragen og bryningane rikt dekorert med ullgarnsaum.

Knebukse
Knebuksa er i klede eller vadmel og svart av farge. Buksa har store røser med broderingar i ullgarn. Splitten ved kneet har raude kantar og ei rad med seks sølvknappar.

Vest
Vesten er i raudt ullstoff og er kanta med svart fløyel. Stoffet i vesten er vanlegvis i klede. Den har ståkrage og nedbretta slag. På frontstykket er det montert tre rader med sølvknappar, i tillegg er det det sølvknappar på alle lommeklaffane.

Skjorte
Skjorta er i lin- eller bomullstoff. Lin er det eldtste, men bomull det mest behagelege. Halslinna kan ha ulike broderingar, men oftast er det kvitsaum. Desse skjortemodellane er nok ganske mange år yngre enn bunaden.

Strømper
Til knebuksa blir det brukt kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Som hovudplagg vart det brukt ei kollelue, sydd saman av seks eller åtte delar, i raudt ullstoff. Saumane i lua og kanten nedst er dekt i svart fløyel. Til brudgomsbunaden kan ein også bruke flosshatt. 

Anna
Det blir nytta fyriermar, sokkeband, selar, halseklut, halsnål, bunadsko, kniv, klokkeband og sølvklokke til bunaden.