Gauldal

Bunaden vart utarbeidd av Ragna Rytter i slutten av 1950-åra. Drakta er bygd på ei trøye frå Horg i kvitt skinn og ein rosebragd vest frå Byneset. Bunaden blei først teken i bruk i 1963.

Jakke
Open, lang jakke med ståkrage i naturkvitt klede. Jakka er fora, har 2 innvendige lommer, 2 sidelommer, ermsplitt og 3 splittar på ryggen. Stikningar på krage og sidelommer, framkant og splitt bak.

Knebukse
Bukse med lukeopning i svart klede. Buksa har 2 sidelommer under klaffen, knesplitt og knelinning med spenne. 

Vest
Enkeltspent vest med ståkrage. Blir laga i stripete ullstoff med rosebragdmønster. Baskerlin i rygg. Vesten har 2 sidelommer og 2 knyteband som regulering i ryggen.

Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bumull eller lin utan broderi. 

Strømper
Kvite naturfarga ullstrømper.

Hovudplagg
Ein kan bruke hatt om ein vil.

Anna
Knappar i messing eller sølv.