Romsdal, Embetsmanndrakt
Embetsmanndrakta frå Romsdal, er ein kopi av ei mannsdrakt frå 1800-talet som er å finne på Norsk Folkemuseum. Drakta vart laga første gong rett etter krigen, til konsul Jonas Lie, og han ga drakta namnet Embetsmanndrakt.
Jakke
Open, lang jakke med ståkrage i raudt ullklede. Jakka er fôra med gult ullfôr som også blir brukt som gul kanting rundt heile jakka, på erme og lommeklaffar.
Bukse
Knebukse med lukeopning i skinn. Buksa er heilfôra. Den har 2 lommer under lukeopninga og knesplitt.
Vest
Enkelspent vest med høg ståkrage og v-halsopning i brokade.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Hovudplagg
Det er vanleg å bruke hatt.
Anna
Bunaden blir levert med knappar i messing, tinn eller sølv.